top of page
alle_hallingbunader.jpg

Om oss

Historie

Ødegård Bunadshandel har sitt opphav frå butikken «Ola Perstølen», som vart etablert i 1917. Ola Perstølen var skreddar av yrke og praktiserte dette faget gjennom heile si levetid. Gjennom åras løp utvikla bedrifta seg meir i retning av sal av tekstilar og herreklede, og seinare bokhandel.

 

I 1985 kjøpte Leif Kåre Ødegård klesbutikken av Ola Perstølen, barnebarnet til grunnleggaren med same namn. Butikken starta då som forhandlar av hallingbunad ved sidan av sal av herreklede. Etter kvart som åra har gått har utvalet av bunader frå andre distrikt auka, og i dag tilbyr butikken bunader frå heile Norge.

 

I 2015 vart sal av herreklede avvikla til fordel for ei større satsing på bunadsdelen av verksemda. Dette førte også med seg ei auka satsing på damebunad.

 

I 2022 valgte Leif Kåre å pensjonere seg og sonen Vegard overtok drifta. Sjølv om han er pensjonist spelar Leif Kåre framleis ei viktig rolle som støttespelar og rådgjevar i bedrifta.

 

Ødegård Bunadshandel er ein frittståande forhandlar av bunader. Bedrifta har vore i drift i meir enn 100 år med bunad som hovedverksemd dei siste 40 åra.

Produksjon

Sidan 1985 har Ødegård Bunadshandel hatt Solhjell AS som sin bunadsleverandør. Solhjell har i dag ein moderne produksjon der dei kombinerer teknologisk utstyr med fagutdanna saumarbeidarar. Dei produserte lenge bunadene i Molde, men måtte flytte produksjonen til Estland i 2008 då det ikkje lenger var mogeleg å få tak i nok fagfolk til å oppretthalde tilstrekkeleg produksjon i Norge. I Estland vert det nytta norske mønstre og stoff. Hendene som monterer bunaden er fagutdanna ved saumlinja i det estiske skolesystemet - en linje som ikkje lenger eksisterer i Norge. Me veit og at dei tilsette jobbar under gode arbeidsforhold og vert lønna i samhøve med den estiske tariffen på saumarbeid.

Saman med Solhjell har me utvikla mønster basert på gamle modellar av alle hallingbunadene, samt herrebunaden frå Ringerike. Me har i dag rettighetane på mønstra slik at desse modellane berre er mogeleg å få kjøpt hjå uss. Me leverer berre målsydde bunader kor me tek pluss minus 20 mål av kunden. På denne måten vil alle våre kundar få ein bunad som er heilt tilpassa sin eigen kropp.

Me jobbar aktivt med å halde mest mogeleg av produksjonen lokalt i Hallingdal og Norge. Alle bunadene me leverer blir levert med ullstoff av beste kvalitet frå Gudbrandsdalens Uldvarefabrik. Innan sølv samarbeider me med Sylvsmidja på Voss. Dei produserer sølvet i bunadane me leverer. Forutan Sylvsmidja sitt standardsortiment tilbyr me også ein unik leigeproduksjon som ein berre får kjøpt hjå uss. Andre sentrale leverandørar er Tyrihans på silke- og brokadestoff og Klaveness på bunadsko.

I dag vert blant anna målsydde skjorter og halsklutar produsert i vår lokale systove på Ål. I tillegg har me eit utval hobbyleverandørar som blant anna produserer kvitsaumkragar og fyriermer for oss.

 

Velkommen innom på ein hyggeleg handel!

20230318_132357.jpg

Vegard Ødegård

Dagleg leiar

20230318_132319.jpg

Ben Harvey
Salgssjef

bottom of page